Ekskursjon til ein dam
      steinar_på_rekke.gif (8081 bytes)

Startside ] Innleiing ] Forarbeid ] Feltarbeid ] Etterarbeid ] Planter ] [ Dyr ] Ordforklaringar ]

Dyr 1
Dyr 2
Dyr 3

 


animert_peikar.gif (3020 bytes)
e post.gif (565 bytes)


 

DYRELIVETsnigel.gif (538 bytes)

Dyra som lever i ferskvatn høyrer til fleire ulike grupper.Vi finn ryggradsdyr og ryggradslause dyr.Flesteparten av dyra i eit vatn høyrer til dei ryggradslause.Alle artane innanfor ei gruppe finn vi nok ikkje i biotopen vatn.Oftast finn vi berre nokre dyr innanfor dei ulike gruppene.Dei andre finn vi antan i sjøen eller på land.Og - mange av dei dyra som lever i ferskvatn,lever der kun i ein kort periode i livet.Særleg gjeld dette insekt.
Læraren bør difor  ha eit rimeleg godt oversyn over den biotopen elevane skal på ekskursjon til, før ein i førearbeidet startar med å lære om dei ulike artane.Her er fleire omsyn å ta:

Kanskje den arten vi lærer om på skulen lever på land i den perioden vi går på ekskursjon?
Kanskje er dyra så små at vi ikkje ser dei med augo våre?
Kanskje lever dei på stader som er så vanskeleg tilgjengeleg at vi ikkje greier å fange dei med reiskapane våre?

Eg vil på sidene om dyr 1-2 og 3,kun ta for meg gruppa innsekt.Insekta som lever på vassflata eller under vassflata,deler vi gjerne inn i 3 grupper alt etter tilpassing til miljøet.

Dyr  1 I denne gruppa finn vi insekt som lever i vatn medan dei er larvar.Dei held fram livet på land som vaksne. Augestikkarar-døgnfluger
-vårfluger-nettvenger-
myggar-svevemyggar-fjørmyggar.
Dyr  2 Desse innsekta lever heile sitt liv i vatn,både som larve og som vaksen.
Kvervlar-vasskalvar,ryggsymjarar
buksymjarar.
Dyr  3
Innsekt som har levestad på vassoverflata. Vassløparen(skomakaren.)Spretthalar