![]() |
|
![]() |
![]() |
|
|
Innhald
|
Møre
og Romsdal fylke omfattar kysten frå Vanylvsfjorden innanfor Stad
i sør til øya Smøla og Tjeldbergodden på fastlandet
i nord samt fjord og fjellområda innanfor. Det grensar i nordaust
og aust mot Sør-Trøndelag, i søraust mot Oppland,
i sør mot Sogn og Fjordane, og i nordvest mot Norskehavet
Ei vanleg inndeling av fylket er den gamle fogderiinndelinga i Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Namnet kjem av det norrøne mærr, "land", truleg med samanheng til det norrøne marr, "hav", dvs. "landet ved havet" eller "myrlandet". Fylkesvåpenet som vart vedtatt i 1978, har tre gullskip sett framanifrå mot ein blå bakgrunn. Dette symboliserar den viktigaste ferdselsåra gjennom tidene: skipsleia. Fylket har sitt administrasjonssenter i Molde. Fylket høyrer til Frostating lagdøme, Møre bispedøme, Distriktskommando Trøndelag og Sjøfartskommando Trøndelag. Mandat ved fylkestinget for perioden 1995-1999: Ap: 14 - SV: 2
|
|