Toving av vest med vevd del.

Du vil på dei neste sidene finne framgangsmåte på korleis du kan lage deg ein tova vest med ivevd mønster. Framgangsmåten kan også nyttast til produksjon av bilete på ymse klassesteg i formingstimar. Arbeidet er relativt omfattande når det gjeld for vesten sin del, men resultatet vert spanande. Som sagt over kan metoda nyttast også til produksjon av bilete, med då lyt framgangsmåten endrast noko. Dette kan eg vere hjelpsam med dersom du vil prøve det. Det er også ein fordel om den som vil prøve dette har vore borti toving og veving før.

Vest

Vesten er i stor grad tova og har eit innslag av vev. Dette er i utgangspunktet billedvev laga etter fasongen på vesten.

Det er nok lurast å nytte fabrikkarda ull då dette forenklar arbeidsprosessen.

For å lage forstykket (eller bilde) nyttar ein ei stor nok sponplate der ein teiknar opp korleis forma skal vere. Det er lurt å på førehand ha laga ei mønster som du no overfører til sponplata. Vidare må du spikre opp i ytterkant der du skal feste renninga. Spikrane du skal nytte må vere av typa dykkspikar. Spikrane skal settast opp slik at du har tre spikrar pr. cm. Renninga i nerkant, eller på eine sida av eit eventuellt bilde, må gå rundt ei list (sjå skisse)

Dette må gjerast på fyljande måte: Skru fast ei passande list som synt på skissa, og fest også ein stoppskru. dette vert gjort fordi ein må kunne løyse renninga frå plata når ulla skal tovast fast til renninga. Lista må vere open i eine enden slik at du kan smette renningstrådane under lista. Denne delen av prosessen kan nok vere noko vanskelig å få til, men det er sjølvsagt viktig med utprøving.

Etter at renninga er komen på plass strammar ein opp denne ved å flytte på lista slik at renninga vert så stram du vil ha den. Eg anbefalar å nytte same tråd i renninga som vert hovedelementet i veven.

Tida er no inne til å legge ulla på plass der du vil ha det tova innslaget, men før du gjer dette må du pusse over renningstrådane med eit grovt sandpapir. Ein må altso "rufse"opp tråden slik at ulla festar seg til renningstråden under toviga. Det er viktig at dette vert gjort med "lett" hand då ulltråden kan slitne dersom ein pussar for mykje.

Ulla kan no leggast på plass med to lag ull under renninga og to lag over renninga. Før du no går i gang med tovinga kan du legge ei plate under underste ulla som synt på skissa.

Der er viktig å bruke nok ull slik at det ferdig tova stykket kjem godt utanfor streken som markerer storleiken på stykket du arbeider med..Når oversida på ullstykket er ferdig tova, må lista med renninga løysast og snuast for å tovast på undersida. Ein må vere ekstra merksam på overgangen mellom toving og vev at ulla festar seg i renningstrådane. Denne kanten må ha jamn tjukkleik, men den kan gjerne ha ei ujamn form. Denne forma kan vere retningsgivande for mønsteret i veven.

Når toving og valking er ferdig, kan "renningslista" festast igjen og arbeidet takast i dusjen og skylle ut såpa. Etter at arbeidet er tørka kan vevinga starte.

Veving av forstykke

Til innslaget kan ein nytte same type tråd som i renninga, men dersom ein prøvar metoda i eit bilete, kan ein nytte ulike trådtyper eller andre element som ein ynskjer å prøve. Ein kan prøve ulike metoder under vevinga. Dette for å oppnå forma som synt på bildet. På eit vevstykke som dette er det viktig å vere nøyaktig i kantane. Dersom ein etter vevinga ser at kantane er ujamne, kan ein forsterke desse med eit kanteband av ull.

Toving av høgre forstykke

Til dette bør ein også nytte fabrikkkarda ull for å få eit så jamt stykke som mogeleg. Dersom du har tova før ,vil dette truleg ikkje by på noko problem. For å skape litt liv i dette stykket, kan ein kombinere ulike fargar ull. Ein bør då finne ull som er lik i farge med tråden ein nyttar i veven på motståande stykke.

Det er viktig at ein ikkje tovar direkte på den fabrikkarda ulla, men deler den opp og legg laga slik at fibera kryssar kvarandre i dei ulike laga (4 lag).

Toving av bakstykke

Bakstykke kan ein prøve å tove i eit stykke, men dersom dette ikkje går, kan ein dele det opp og tove det i to stykke. Det er viktig og passe på at ulla er jamn og omlag like tjukk før ein byrjar tovinga. Til valking av så store stykke som dette er det ein fordel å bruke ei stråmatte og legge arbeidsstykket inn i. Mot slutten av prosessen kan ein legge stykket i vaskemaskina for å skylle det.Ette skyllinga kan ein sentrifugere stykket forsiktig (NB pass på å ikkje gjer dette for lenge). Etter denne behandlinga kan du strekke og forme slik du vil ha det. Dersom du finn hol eller nesten hol i arbeidsstykket, kan du skjere eller klippe ut to halve bakstykke som du seinare kan montere saman. Til dette kan du nytte sliresaum.

Samanmontering

Dei enkelte stykka skal no monterast saman, og det er no greit at det på førehand er laga ei mønster som er rett. Delane kanno klippast eller skjerast til og du kan trokle saman delane og prøve vesten. Når kvart stykke har fått den forma det skal ha, kan ytterkantane saumast som vist på bilde med sliresaum.

Dersom du no er hendig og synest det er ok og arbeide med ull, kan du truleg få deg ein vest som både er varm og fin. Har du lyst til å sjå korleis min vest vart så klikk her


[Hovedsida] [Dressur av hund] [Heimesida mi] [Noko for teknetimen] [Zico si side [Bilde av heimbygda mi]


Desse sidene er laga av Gunnar Knutsen