I våre dagar vert gard og bruk omtala som eitt og det same. Dette er ei samanblanding ein må vera klar over om ein skal få det rette biletet av den gamle jærske garden. Heilt fram til utskiftningane i førre hundreåret var ein gard det området som var inngjerda av ein markagard og som hadde eitt namn (t.d. Stokka, Rossaland o.l.) Til kvar gard høyrde og til utmark. Var det fleire brukarar på ein gard, vart utmarka brukt felles. Det kom ikkje gjerde mellom dei ulike gardane sine utmarker før etter utskiftningane på 1800 talet. På den tidligaste jærske garden kjenner ein lite til omfanget av bruksdelinga. Men i mellomalderen er det truleg at det har kome til fleire bruk på kvar gard. Ein brukar er altså det same som ein bonde med huslyd. På dei største gardane kunne det vera opp til 8-10 brukarar (mangebølte tun). Men dei minste gardane klarte aldri å brødfø meir enn ein bonde med familie (einbølte tun.) Det vanlege var elles 3 -4 brukarar på kvar jærsk melllomaldergard. Kvar brukar hadde sine eigne inne- og utehus. Vidare hadde han sine faste engstykke til slått. Men viktigste av alt: kvar bonde hadde sine faste partar i åkeren. Storleiken på desse partane var avhengig av kor mykje kvar enkelt brukar åtte eller leigde av garden, Bakgrunnen for partar/teigar var at det utover mellomalderen kom fleire brukarar på kvar gard. Desse måtte gjevast jord å dyrka så dei kunne skaffa mat til seg sjølv og familien. Slik fekk ein ei samanhangande bruksdeling utover heile mellomalderen.
Heim til Jæren!