Garden endrar seg! 

Slik me ovanfor har skildra han, såg den jærske garden ut i omlag 1500 år fram til førre hundreåret. Små, men likevel viktige endringar kom til under vegs. Den viktigste endringane kom til ein gong i mellomalderen ( 1000 - 1350 e. Kr.) Her      
skal me ta med to av desse endringane: "gammelåkeren" og 
bruksdeling. 

        Gammelåkeren: 

   

Gamleåkeren 
Ein gong i mellomalderen tok bøndene til med å dyrka eit mindre åkerareal enn før på kvar gard. Men denne innskrenkinga av åkerarealet har truleg ikkje ført til mindre avlingar av korn. Tvert imot er det grunn til å tru at dette mindre åkerarealet blei betre dyrka og gjødsla, slik at avlingane blei rikare enn tidlegare med dei mange spreidde åkerlappane.  
Det nye åkerarealet vart liggjande som ein krans kring husa på garden. Den intensive dyrkinga av denne åkeren førte til at ein etter kvart fekk eit tjukt lag med moldjord i han. Der åkeren låg i skrånande trrerng, kunne moldlaget nedst i bakken verta fleire meter djupt. Dette kom av at ein oftast spadde jorda nedover åkeren. Etter fleire hundre år med tilføring av tang, tare og mittingjord ( ei blanding gjødsel og myrjord) er det ikkje vanskeleg å tenkja seg at det kunne verta store mengder av det. Desse djupe jordlaga finn ein framleis att på stader der naturtilhøva ligg til rette for det. Det vert kalla åkerreiner. Den åkertypen me her har skildra, vart seinare kalla gamleåkeren
 
 
 

                         gernyk@rl.telia.no