Ein gard består av meir enn husa. Rundt på tunet låg åker og eng. Åkrane på dei eldste gardane såg annleis ut enn i våre dagar. Store steinar brydde ein seg ikkje om å rydda vekk. Dei var med på å halda på solvarmen i kjølige netter.
Frå tunet skar det seg gjennom åkerlappane to lange steingardar ved sida av einannan. To slike paralelle steingardar vert den dag i dag kalla ein geil. Den vart kalla "rægje" og "træde" i søre delar av Jæren. Rægjet kunne vera fleire hundre meter langt. Eit stykke ut i utmarka bøygde dei to paralelle steingjerda frå kvarandre og forsette i ein ring rundt heile innmarka. Den delen av steingarden som ikkje høyrde til rægje, vart kalla markagarden. I tillegg til stein kunne ein og nytta torv som byggjematerial - både i rægjet og markagarden. Føremålet med desse lange, samanhangande steingjerdene var å halda husdyra borte frå innmarka. Bøndene brukte stort sett stein til dette arbeidet, og det gjer at vi framleis kan finna att mange av desse steingardane. Men i dag syner dei oftast att som små overgrodde "ormar" under grastrava på udyrka mark.