Heim til    
     Jæren! 
 
Den jærske garden!  


For 5000-2500 år sidan var størsteparten av Jæren dekt med  
skog. Åkrane låg truleg som åpne øyar og holmar i dette landskapet. Dei vart rydda med enkle økser og ved eldpåsetjing. Oska var med på å gje jorda eit visst næringstilskott, men husdyrgjødsel har og vore nytta. 
 
Store steinar, trestubbar og røter brydde ein seg ikkje om å fjerna. Ein primitiv forgjengar for plog - ard - kan ha vore nytta. Men ein nytta nok enkle steinøkser eller bronseøkser til å hakka opp jorda med. I desse åkrane sådde ein så helst bygg. Skurden gjekk føre seg med sigdar  av flint - i beste fall bronse.  
Dei fleste åkrane vart venteleg ikkje dyrka meir enn eit par år før ein gjekk laus på å rydda ny åker med øks og eld. Denne dyrkingsteknikken har vore nytta nesten heilt fram til våre dagar i andre strøk av landet. Den vart kalla svedjebruk                         (av sve = å svi).  
Flytting av åkrane gjekk føre seg innan kvar familie/ætt sitt landområde.  
Det merkelege er at det i dag ikkje er råd å finna att sikre spor etter desse eldste "gardane". Helst finn me berre store gravhaugar og gjenstansmatriale av flint og bronse som kan tyde på fast busetnad. Grunnen til dette kan vera at seinare bønder har sletta ut spora etter desse eldste tuna ved å fortsetja gardsdrifta på dei same buplassane. Blant dei eldste spora ein har etter hus, høyrer flest frå Ogna. Her har ein funne restar etter små hustufter som er omlag 2500 år gamle. Men desse husa treng ikkje vera av same type som dei større, meir sentrale gardane på same tid. 
 
Kva tyder ordet "gard"? 

Nå kan det vera heller uklart kva ein meiner når ein bruker ordet gard. ordet har samanheng med gjerde, slik ein finn det i steingard og skigard, og tyder eigentleg eit inneghjerda stykke jord. Sett på denne bakgrunnen kan ein ikkje snakka om gardar før åkrane og tuna vart permanente. I vår landsdel reknar ein med at dette skjedde ein gong på 200 - 300-talet. Dette tyder med andre ord at garden er om lag 1700 - 1800 år gammal. 
 
Klimaendring? 

Men før garden vart etablert, hadde det funne stad to viktige endringar som kanskje var med på å framskunda den. Ei klimaendring om lag 500 f. kr. Klimaet vart råare og kaldare. Samtidig tok folk på Jæren jernet i bruk for alvor. Jordbrukarane kunne no meir effektivt gå laus på skogen og jorda. Klimaendringa gjorde nok og sitt til at den varmekjære lauvskogen vantreivst. Resultatet let ikkje venta på seg: Jæren vart skoglaus og omskapt til det opne, lyngkledde landskapet me kjenner i dag.  

Kva var det som avgjorde plasseringa av dei første gardane?  

Leitar ein seg fram til dei eldste tuna, finn ein eitt typisk trekk: Nesten alle ligg på  dei naturlege høgdedraga i landskapet, dei såkalla "hodlane". Nesten all mark som er opplendt, ber spor etter å ha vore dyrka på eit eller anna tidspunkt. I eit rått og fuktig klima som det ein har på Jæren, er det rimeleg at folk busette seg der vilkåra var best. 
 

Korleis såg dei så ut, desse første gardstuna? 
 
Frå Jæren kjenner ein til fire særprega ringforma tunanlegg.  
  

  
 Det ringforma tunanlegget Leksaren på Reistad i Varhaug. 
 Det er delte meiningar om kva dette og liknande anlegg har                    vore nytta til. (Gard på kvar hod'l) 
 
 
 
Jernaldergarden.    Først omkring år 300 og 400 får me sikre spor etter heile gardsanlegg. Sidan desse gardsanlega i det store og heile har endra seg lite frå 300-talet til første halvdel av 1800-talet, skal me sjå nærare på korleis desse første gardsanlegga seg ut.  
  

Fri rekonstruksjon av jernaldergard i utmarka til Obrestad i Nærbø.. Her budde det folk for omlag 1400 år sidan (400-600 e. Kr.) I dag stner berre dei torvdekte steinane etter yttermurane på desse og mange liknande aude tufter på Jæren. (Gard på kvar hod'l.) 

     
 
Husa.

Noko av det viktigaste med garden er husa. Ein gard hadde gjerne 2-3 langhus. Desse var ofte mellom 20 og 50 meter lange, og dei husa både  folk og fe under same tak. Det kunne vera ein trevegg el.l. mellom dyra og menneska. 
Varmen fekk dei ellers frå opne eldstader på golvet i husa. Røyken for ut gjennom ei opning i taket, ein ljore. Her slapp det og inn dagslys. Veggene var utvendig murte opp av naturstein og tetta med mose og lyng. Taka, som var torvtekte, vart haldne oppe av ev ein spesiell byggjeteknikk: gringverk.  
På Ullandhaug ved Stavanger har ein bygd opp att ein slik gard og kalla han "Jernaldergarden."  Den er verkeleg fin! Men ein må ikkje gløyme at det finst restar etter hundrevis av liknande gardar rundt på Jæren. (Rett utafor døra mi har vi eit slikt gardsanlegg.) Men mange  er ikkje  teke vare på og mange har vorte borte p.g.a. uforstand under dyrking og kanskje  også manglande vilje til å sjå verdiane som desse gardsanlegga gøymer på. 
 
 

  Tverrsnittt av jernalder hus. Det torvtekte taket vart halde oppe ved hjelp av grindverket. (Gard på kvar hode'l)
 
                                gernyk@rl.telia.no