Heim til 
Jæren. 
 
 
Den første "jærbuen"!   
Me veit lite om dei første menneska som sette fot på Jæren kort etter at den siste issmeltinga var ferdig for 12000 - 14000 år sidan. Men det vi veit er at dei var ikkje mange. Dei budde spreidt og drev med  fangst og fiske. Truleg kom dei til Jæren i hælane på dei første flokkane av reinsdyr som inntok dei isfrie områda. 

Egentlig er det galt å seia at dei "budde" i denne første tida. Folk var jamt på flyttefot, etter fangstbytta  sine vandringar - frå hav til hei og frå elv til vik. 

Ein slik måte å livnæra seg på kallar ein veiding. Det vil seia at ein lever av det naturen sjølv gjev tilgang på mat: fisk, fugl og anna vilt.  Dei eldste sikre teikn på buplassar finn ein langs vassdraga våre. Langs Figgjo - mellom Bore og Grudavatnet - ligg ein av dei eldste buplassane ein kjenner til på Jæren. Han vert kalla Legå. Like eins finn ein spor etter nokre av dei eldste buplassane langs Håelva. 
 
   Nokre av steinalder-buplassane som er registrerte langs nedre løpet av Hå-elva. Dei grå farga områda syner kor høgt havet 
gjekk for omlag 7000 år sidan. Dette er om lag 7,5 m høgare enn i våre dagar. (Gard på kvar hod'l.)
 
 
                                 gernyk@rl.telia.no