Mest fekk utskiftningane å seie for utsjånaden til det til det tradisjonelle jærske landskapet. Utmarka vart nemleg og utskifta. Dette la grunnlaget for ei storstilt oppdyrking av den lyngkledde utmarka. Nå var det ikkje fleire stengsel av eigendomsmessig art som hemma den aktive nydyrkaren. Urskiftninga av utmarka gjorde det og lettare for søner til bøndene å få jord. Ofte overtok den eldste sonen gamlegarden, mens den yngre måtte freista tilværet som bureisar i utmarka. På mindre enn eitt hundretals år har desse jordslitarane klart det deira forgjengarar ikkje klarte i løpet av felire tusentals år: Den lyngkledde heia og marka er snart eten opp av maskinar og dyrkingstrong.
"Vi lever i dag, og vi er vendt mot i morgen. Men det som bærer, er dagen i går. I virkeligheten omfatter livet det hele - i går, idag, imorgen. Og kunsten er å få det bundet sammen, så det ikke faller fra hverandre, men støtter hverandre og inspirerer hverandre. Derfor er historien ikke bare interesssant. Den er noe mer, den er nødvendig. For det er den som binder alt sammen. " (Asbjørn Bakken.)
Utmarka var etter gammalt felleseige. "Tunslåtten" eller "utslåtten" / "markaslåtten" gjekk føre seg i utmarka. Biletet er frå Håland og Oppstad i Nærbø ca. 1927.
Så tek me farvel med Jæren, og dei som rydda jorda for at me skulle få mat og dei sjølve eit levebrød!
"Eg er vaksen opp i eit myrlandskap, ved ei vid slette. Mot horisonten blånar låge fjell. ---det eg veit er at ikkje noko anna landskap i verda vekkjer slik ei kjensle av å høyra heime." (Olof Lagercrantz)
Ein takk til HÅ kommune v/skule- og kulturkontoret for at eg fekk lov til å "låne" ifrå deira gode og rikholdige matriale.
Den som ikkje har vore på Kviagarden (Jærmuseet) har noko å sjå fram til!
Hå Bygdemuseeum
Litteratur: Rønneseth, O.: Den jærske garden, Jærboka, bd.III, s.99-124. Rygh,O.: Norske Gaardnavn,bd.X 1915 Norges historie, band I, VIII, X, og XI (Cappelen 1979) Jærboka bd. I, II og III. Rogaland: Bygd og by i Norge. (Gyldendal.) AmS-småtrykk: Ullandhaug en gård i eldre jernalder. Else Johanansen Kleppe. Frå Hå kulturkontor: Gard på kvar hod'l. Jærlandskapet forandrer seg. Torvbe`e og tydling. Gode råd: Snorre Haukalid.
Sett saman av: Gerny Kvinen Bjuland. (Hobby: Slektsgransking)