Heim til Jæren
Bureising var eit vågalt og slitsamt tiltak i desse tider då verken steinbukk eller andre mekansiserte hjelpemiddel var oppfunne. I tillegg kom at der det var aktuelt å driva bureising - i utmarka - var jorda felleseige. Alle brukarane i eit område måtte såleis verta einige om å tillata at det kom til eit bureisings-bruk i utmarka.
Men utmarka var viktig som beite og forsankingsområde. Ofte hadde brukarane vanskeleg for å bli einige om å redusera denne åttåt-ressursen. Det andre alternativet var at ein brukar som ville sikra jord til fleire søner enn berrre odelsguten, kunne dela bruket mellom fleire etterkomarar. Men her fanst det ei nedre grense for kor mykje ein kunne redusera eit bruk før det vart for lite til å brødfø ein brukar med familie.