Tida frå 1500 til 1660 vert ofte kalla attryddingstida. Det innebar at åkrane på dei tidlegare øydegardane som i bestefall vart brukt til beite for nabogardane, måtte gjennvinnast som åkerland. Dei samanrasa husa måtte rotast fram or torva. Berre steinen kunne nyttast om att i ytreveggane. Rægjer og markagardar låg nedrasa og måttte løast opp att. Jorda måtte fråvristast fleire hundreårs vanstell og mangel på kultivering. Men så vart det og påskjøna av jordherrane. Leiglendingar som tok på seg attrydding av tidlegare øydegardar, fekk stor reuduksjonar i skattar og avgifter dei første åra etter dei hadde sett bu.
Frå midten av 1600-talet kjem det ikkje til nye sjølvstendige matrikkelgardar (namnegardar). Veksten kom først og fremst i antal bruk og husmannsplassar fram til slutten av 1800-talet. (Gard på kvar hod'l.)
gernyk@rl.telia.no