Heim til  
      Jæren! 
 
Årsaker! 


Kva hadde skjedd? Hadde uår plutseleg kome over folket og lagt heile grender aude? Hadde klimaet brått endra seg slik at kornet ikkje vart moge? Hadde ein fælsleg farang feia folk overende i hopetal? Alle desse spørsmåla har vorte svara på med eit ja ned gjennom tidene. Likevel må ein nok festa mest lit til den teorien som forklarer nedgangen med dei mange pestsjukdommane som råka Noreg på 1300- og 1400- talet. 
I ettertida er det den store Mannedauden eller Svartedauden som har nedfelt seg i tradisjonen og minnet hjå folk. Svartedauden kom til Noreg med ei engelsk frakteskute som lossa varer i Bergen på seinhausen 1349. I løpet av evinteren 1349-50 hadde pesten spreiddd seg til heile landet, nett som ein influiensa-epedemi i våre dagar. Berre med den viktige skilnaden at folk som vart råka av Svartedauden, normalt ikkje overlevde. 
Seinare i det same hundreåret kom fleire pestsjukdommar til landet, m.a. Barnedauden i 1359-60 og den store Drepssotten i 1371. 

 

 
(Gard på kvar hod'l)
 
 
                         gernyk@rl.telia.no