Heim til Jæren!
Teljingane viser altså at over 50% av gardane frå høg mellomalderen var utan busetnad omkring år 1500. Når det gjeld bruk, kan me tremmeleg trygt gå ut frå at det såg endå verre ut. Det er grunn til å tru at vel 60% av bruka var utan busetnad. Til dømes kan me nemna at brukstalet for Nærbø er sett til om lag 105 i høgmelomalderen. Av desse var berre 42 busette rundt år 1500. Går me ut frå at familiestorleiken var omkring den same frå år 1350 til år 1500, kan me trekkja den konluksjonen at folkemengda på Jæren var redusert med nesten 2/3.