Heim til 
Jæren! 
 
 
 
Øygardstida 

Alle dei andre gardane var utan busetnad. Dei låg aude. Me er kome til øydegardstida. Lat oss gjera eit tankesprang 500 år attende i tida og setja oss god til rette på ein utkiksstein ved den gamle kyrkje på Bø. Her vil me verta møtte av eit sørgjeleg syn. Med den haustalege kveldsola i ryggen ser me godt dei gardstuna som ligg i aust. Men her er det ikkje gule, mogne åkrar som møter oss. Åkrane har vakse til med gras og eit og anna husdyr frå nabogardane i soknet går og beitar der havren voks tidlegare. Hustaka ser ut som nedsunkne, samanrasa gravhaugar. Lengst i aust ligg Våland, Lindal og Årdal, alle like aude. Vender me blikket mor nord, finn med Grødem, Gausland, Gudmestad og Njølstad like forlatt og spøkelsesaktige. Mot nord-vest ligg Bjorhaug og Bjorland, mot sør-vest Høneland Aude-Motland og i sør begge Hålandsgardane - alle utan folk. 
På Bø rådde presten. Ville han tala med andre enn leiglendingarne på denne garden, måtte han til Skjerpe. Det var ein tur på omlag 2 km. I Njærheimssoknet vr tilstandene noko betre. Det ser i det heile ut til at dei gardane som låg mot sjøen, klarte å halda betre på busetnaden enn dei i indre strok. 
 

Øydegardstida. (Gard på kvar hod'l.) 

  

 
 
                         gernyk@rl.elia.no