I våre dagar er vi helst vane med å sjå på bøndene som små sjølvstendige næringsdrivande. Dette er eit nokså moderne fenomen som vi må sjå heilt bort frå som normalen eldre tid.
Kven som åtte jorda til dei eldste gardane me her skal tala om, er uvisst. Eigendomstilhøva får me første innsyn i frå eit stykke ut i mellomalderen. Då syner det seg at dei som brukte jorda ikkje var dei same som åtte ho. Dei fleste bøndene leigde jorda av ein jordeigar. Derfor vart bøndene kalla leiglendingar. Dei største jordeigarane var dei kyrkjelege institusjonane (soknekyrkjene, bispestolen i Stavanger, klostra ) og kongen.
Jordeigarane kravde inn leigeavgift frå brukarane av jorda. Denne leigeavgifta vart kalla landskyld. Den vart innbetalt årleg og vart til vanleg ikkje pengar, men overskot av avlinga på kvar gard. På Jæren var dette etter regelen korn. Landskylda var fast frå år til år, uansett om bøndene hadde hatt eit godt eller dårleg år. For å gje eit inntrykk av kor omfattande innbetalinga av landskyld kunne vera, kan me nemna at brukarane på Njærheim i Nærbø måtte ut med 1300 kg korn pr. år i leiga for garden. Brukarane på Næsheim og Bø måtte pina litt mindre korn or auren: 1100 kg på kvar gard. Men dette var tre store gardar. Dei fleste betalte langt mindre i landskyld. Men dette var livsviktige innbetalingar for jordeigarane. Utan dei hadde ingen kyrkje vorte bygde, inga hird vorte fødd av kongen, og ingen kloster drivne av munkar og nonner.
I tillegg til landskyld måtte bøndene ofte ut med ekstraskattar og andre småskatter, dessutan tiende til kyrkje av avkastninga på garden.
Nærbø. (Gard på kvar hod'l.) Gardar gradert etter landskyldsstorleik i 1660 og kjente eigedomstilhøve.