INNHALD |
Litterær periode Naturalismen Amalie Skram vart rekna som den største naturalistiske forfattaren, saman med Hans Jæger og Christian Krog. Amalie vart beskyldt for å vere den franske naturalistiske teoretikaren Emile Zolas elev, men det tok ho sterk avstand frå. Zola ville at samfunnet skulle forskast og eksperimenterast på, akkurat slik dei gjer det innan medisinen. Litteraturen utover 1880-åra endret karakter. Den var fortsatt problemorienter, (slik den var i realismen) men problema som vart tatt opp var andre enn tidlegare. Fattigdomen vart skildra på ein heilt annan måte enn i 1870-åras dikting. Seksualitet og kjønnsmoral vart meir opent beskrevet og fekk ein breidare plass enn i realismens bøker. Også menneskesynet endra seg . Vi finner ikkje lenger trua på at det enkelte individ kan gjere opprør for å endre sin eigen livssituasjon, og dermed bidra til at heile samfunnet endres. Bøkene viser no mennesker, hvis skjebne fullstendig er bestemt av arv og miljø. "Naturalismen er- kort definert- determanistisk diktning. Og determanismen går ut frå at menneska under de forhåndenveærende omstendigheter umulig kan handle annaleis enn dei verkeleg handlar". Menneska blei oppfatta som determinert ( forutbestemt) av arv og miljø. Handlingane deira kunne derfor ikkje fordømmast. Naturalistane ville rette merksemda mot det miljøet som forma menneska. Det var ein av grunnane til at fattigdom, naud, forfall og undergang fekk ein så brei plass. Ved å legge fram sanninga slik den var, håpa dei at lesarane skulle reagere og kjempe for å betre forholda. Dei naturalistiske forfattarane ønska ikkje å forkynne eller agitere. Dei ville "forsvinne" bak stoffet. sanninga skulle tale for seg sjølv, utan kommentarar.Idealet var ei objektiv framstilling av den verda ein kunne sanse, mest mulig lik ei avfotografering. Naturalistisk diktning skulle undersøkje og beskrive. Det skulle vere opp til lesaren å trekke konklusjoner; ut frå den nøyaktige miljøbeskrivinga skulle lesaren forstå at personane " umuleg kan handle annleis enn dei verkeleg handlar". Den gjennomførte naturalistiske diktar i Norge er Amalie. Ho gir detaljerte og nøyaktige beskrivingar av dei sosiale forhold folk vokser opp i, og ho prøver å få fram alle sider ved menneskelivet. Hennar holdning til menneskeleg holdning er naturalistisk. Kva mennesker gjer, føler og meiner, er resultat av arv og miljø, og som forfattar er hun interessert i å vise disse årsakssamanhengane. Bøkene hennar avdekkar elendigheita som mange menneske levde i. Gjennomført naturalistisk både i innhald og form, er Skrams romaserie om Hellemyrsfolket personane er fullstendig bestemt av arv og miljø. Gjennom heile serien ser vi- trass i periodiske lysglimt korleis ei heil slekt gjennom fleire generasjonar går til grunne. |