INNHALD

Velkommen

Om Amalie

Forfattaren Amalie

Litterær periode

Verk

Støttelitteratur

Aktuelle linkar

Til andre undervisningsopplegg

Forfattaren Amalie

Amalie Skram er i dag ein svært mykje lest forfattar, og er den mest aktuelle og moderne diktaren frå det forrige århundre. Som forfattar tilhøyrde ho "dei store" saman med Ibsen, Bjørnson, Kielland og Lie. Ho møtte stor motstand for diktinga i si eiga samtid. Sin første roman måtte ho gi ut på eiga hand, då forlaget meinte at innhaldet var for provoserande.

Forfattarskapen til Amalie Skram begynte først etter separsjonen frå sin første mann Muller, og etter eit opphald på Gaustad sinnsjukehus.

Medan Amalie budde i Bergen vanka ho i ein radikal krins med tilknyting til Bergens Tidende, gjennom dette miljøet starta ho med litteraturmeldingar, men hadde planer om å bli forfattar. Dette fortsette ho med seinare, både i Fredrikstad og Kristiania. I 1882 gav ho ut si første forteljing Madam Høiers leiefolk.

I 1885 debuterte ho med romanen Constanse Ring. Her skildra ho opent kvinners seksualliv og kjærleik. Ho møtte stor motstand blant folk fordi ho var for open i sine skildringar. Amalie var banebrytande i si tid og det vekte forarging, og at ho var kvinne gjorde det ikkje noko betre. Kvinnene likte det ho skreiv, dei var glade for å få lese om dei problema kvinnene hadde i ekteskapa, som undertrykking og at mennene trengte seksuell omgang for ikkje å bli sinnsjuke. Denne manglande evna frå enkelte til å forstå dette, såg vi og då Camillla Collett var banebrytande i si bok Amtmannens døtre i 1885. Der ho tek føre seg korleis døtrene til embetsmennene måtte gifte seg med menn familia hadde valt ut.

Det var ikkje berre lett for ei skilt kvinne på slutten av 1800-talet å forsørge seg sjølv og to små barn. Å vere skilt på denne tida var så sjelden at man nesten" ble betraktet som et vesen utanfor samfunnet", der ingen trengde å ta hensyn til ein. Amalie lengta ofte etter døden i denne vanskelege tida, men det var tanken på gutane Jacob og Ludvik som haldt henne oppe. Økonomien var heile tida vanskeleg, og ho måtte ta småjobbar for å få pengar til livets opphald. Gjennom sine anmeldelser av Bjørstjerne Bjørnsons verk starta ein korspondanse mellom Bjørnson og Amalie. Bjørson var ikkje klar over at det var ei kvinne som var anmeldar, for ho brukte pseudonymet "ie" i lengre tid. Dette var likavel starten på eit nært og livslangt vennskap. Bjørnson ville hjelpe Amalie. Men vennskapet fekk eit avbrekk då ho begynte som forfattar, det likte han ikkje. Han meinte ho var for pessimistisk og burde ha ein god slutt på mesterverket Hellemyrsfolket, noko ho nekta. Slik naturalismens krav er måtte det gå gale med dei fleste av personane i Hellemyrsfolket på grunn av arv og miljø. Mange av personane i Amalies romanar døde, det var berre slik det måtte vere.

Amalie debuterte som sagt seint i livet, men frå hennar første bok kom ut og heilt til hennar død i 1905 var ho veldig aktiv og kom ut med mange verk.

Erik Skram oppmuntra og hjalp Amalie på vei, han rettleia henne og las utkasta til bøkene hennar. Før dei gifta seg og Amalie flytta til Danmark gjekk der ein straum av brev mellom dei. Sjølv om ho denne gongen gifta seg med ein mann ho elska og ikkje minst av fri vilje, var ikkje dette ekteskapet heller problemfritt. Amalie sleit med skuldkjensle til jenta ho fekk med Erik Skram. Dette fordi ho ofte måtte vere vekkreist for å få ferdig bøker ho skreiv på. Også var det dei store økonomiske problema som ho hadde heile livet som sleit på helsa. (utanom tida i ekteskapet med Muller)

Amalie var svært skuffa over Norge fordi ho ikkje fekk diktargasje. Dei siste åra ho levde fekk ho diktargasje i Danmark.

Amalie Skrams hovedverk, Hellemyrsfolket, er vår første store slektsroman. Då dei to siste binda av dette verket fekk dårleg omtale, og det særleg i Bergen, gjorde det slik at ho gjekk ut i ei avis og sa ho var "dansk forfattar". men som diktar var ho udiskutabel norsk, dei fleste romanane har handling i frå Norge, og ho skildrar norsk miljø og norsk kultur.

Sjølv om Amalie Skrams forfattarskap vekte anerkjenning, var det mest forarging som rådde. Ein slik reaksjon var naturleg utifrå at hensikta med diktinga var å avsløre løgn, hykleri og undertrykking. Amalie blir sett på som den mest naturalistiske forfattaren. Arne Garborg og Hans Jæger var i lag med Amalie dei mest konsekvente forsvararane av denne litterære retninga. Dei ville vekkje det sosiale medvitet og appelere til rettferdsans og medkjensle. Diktarane i naturalismen var inspirert av den nye vitskaplege tenkjemåten. Dei retta merksemd mot driftene, sjukdom, fattigdom og død,og forfattarane meinte at mennesket var eit produkt av arv og miljø.

Til toppen


Ansvarleg for desse sidene er:
May-Britt Smådal
6094 Leinøy
E-post: maybritt@c2i.net