Tema i bøkene

Ekteskapsromanane består av Constanse Ring, Lucie, Fru Ines og Forraadt. Romanane handlar om kvinners frigide liv i forhold til mannens aktive sex-liv. Bøkene provoserte voldomt då dei kom ut, og at det var ei kvinne som hadde skrevet det gjorde det ikkje noko betre. Kvinna sin seksualitet blir utforska, og bøkene handlar om kvinner som ikkje får realisere sine kjærleiksdraumar. Amalie kunne også nytte eigne dårlege erfaringer frå sine ekteskap. Eine ekteskaplege krisa vart avløyst av den andre i desse bøkene.

 

Amalie Skrams hovedverk, Hellemyrsfolket, er vår første store slektsroman, og eit av åtti-åras eiendommelegste dikterverk. Den omfatter egentleg fire bøker, men er ein trilogi, og ein forløper for dei bredt anlagte trilogier i norsk litteratur frå det 20. århundre.Første del,Sjur Gabriel, handlar om folka på Hellemyren utanfor Bergen, annen om sonesonen Sivert Jensen Myres ungdom - først i To Venner og vidare i S.G. Myre. Tredje del, Afkom, forteller om Siverts heim, og om hans eldste barn, Fie og Severin.

Eigentleg hadde Amalie berre tenkt å skrive denne siste boka- ho ville fortelle Severin Myres historie. Men ho hadde ikkje holdt på lenge med den, før ho forstod at ho måtte forklare hans bakgrunn og fortelle om hans foreldre også, altså skrive to blker istadenfor ei. Men dette vart heller ikkje nok, og før ho visste ordet av det, var ho i gong med enda ei bok, om hans forfedre. Trilogiplanen melder seg altså nesten med det same; resultatet var at Amalie Skram faktisk arbeidde med alle "Hellemyrsfolkets" generasjoner på ein gong.

 

Dei to sinnsjukehusromanane fortel om kvinna som urettvis vert definert som gal, og på det viset set Amalie Skram fingeren på kva det vil seie å vere sinnsjuk. Amalie vart inspirert til å skrive bøkene På St. Jørgen og Professor Hieronimus på grunnlag av erfaringane frå eigne opphald på sinnsjukehus. Når desse psykologiske romanane kom ut vart det oppstyr i Danmark, og det førte til forandringar på avdelingane.

 

Tilbake

Ansvarleg for desse sidene er:
May-Britt Smådal
6094 Leinøy
E-post: maybritt@c2i.net