INNHALD

Velkommen

Om Amalie

Forfatteren Amalie

Litterær periode

Verk

Støttelitteratur

Aktuelle linkar

Til andre undervisningsopplegg

Amalie Skram

Amalie Skram f. Alver vart fødd i Bergen i 1846 og døde i København i 1905. Amalie vaks opp under svært vanskelege kår. Fem av ni søsken levde opp, ho var nest eldst av dei som levde opp, fire gutar og ei jente. Faren var innflyttar og mora dotter til ein skomakar i Bergen. Dei livnærte seg på faren sin kjellarhandel, dette var dårleg butikk og det enda med konkurs. Rekneskapen var visst i uorden, så faren reiste i all hast til Amerika. Kort tid etter forlova Amalie seg med kaptein Bernt Ullrik Muller, knapt 18 år gamal gifta ho seg med han. Ho vart med mannen sin på mange og lange sjøreiser. På desse reisene lærte ho seg mange språk, og gjennom livet ombord synte ho at ho ikkje hadde frykt i farlege situasjonar. Røynslene frå reisene og opphald i hamnene la grunnlaget for bøkene,To Venner,Fru Ines og Forraadt. Ekteskapet med kaptein Muller var svært vanskeleg. Dei hadde fått to gutar saman, likevel ville Amalie ut av samlivet, men møtte sterk motstand frå mannen. Det enda med nervøst samanbrot og innlegging på Gaustad sinnsjukehus. Etter nokre månader på sjukehus flytta ho til broren sin i Fredrikstad, samlivsbrotet med Muller var eit faktum.

I 1882 traff ho den danske forfattaren Erik Skram hjå Bjørstjerne Bjørnson på Aulestad. To år etter gifta ho seg med Erik Skram og flytta til København. Då Amalie var 43 år fekk dei dottera Johanne. Men fem år etter vart Amalie, overarbeidd og nedbrota, innlagt på psykiatrisk sjukehus i København. Desse erfaringane førte til at ho i 1895 gav ut to romaner frå opphaldet på dei psykiatriske institusjonane. I 1899 vart ho skilt frå Erik Skram, etter store ekteskaplege kriser.

Etter dette gjekk det berre ein veg med Amalie, ho klarte ikkje å skrive, og sleit framleis med økonomien. Etter utsagn frå hennes datter Johanne Skram Rørdam valgte Amalie å avslutte sitt eige liv då ho ikkje kunne skrive lenger.

På gravsteinen til Amalie Skram stod det:

Dansk Borger, dansk undersaat og dansk forfatter.

Den var forfatta av henne sjølv- ei siste helsing til det offisielle Norge, som aldri ga henne den anerkjenning ho fortjente som forfattar.

Amalie Skrams grav er forlengst utsletta. Ved ein feiltakelse blei urna hennar lagt i ei massegrav da leiga skulle fornyast.

Til toppen


Ansvarleg for desse sidene er:
May-Britt Smådal
6094 Leinøy
E-post: maybritt@c2i.net