wbåtte.gif (8539 bytes)

kniv.gif (1326 bytes)HOVEDMENY:smile.gif (1578 bytes)

FLATBRØD

fiskerettar

supper og graut

mjølkerettar

kaker og brød andre ting

kjøtrettar  

selskap og høgtid kokebok

flatbrod.gif (5511 bytes)

AN00027A1.gif (1913 bytes) : DETTE ER EI SIDE MED 8 BILDER, SÅ DET KAN TA LITT TID FYRSTE GONGEN DU SKAL LASTE NED SIDA.

Flatbrød var eit viktig innslag i kosten, og blir framleis baka på den tradisjonelle måten, men då helst til jul eller høgtider. Det var ofte fleire koner som gjekk ilag og laga deig, knadde og baka utover natta. Det var eit varmt og hardt arbeid for det skulle som regel bakast for eit halvt år om gongen. Praten kunne gå livleg i bakstehuset, så mykje nytt frå bygda kom fram denne dagen/kvelden.

Det var ofte mange i familien og flatbrød var eit godt og næringsrikt tilskot. Oppskrifta som står under er henta frå "Matoppskrifter frå eldre tid  i Indre Nordfjord", men det er ikkje dei store endringane i oppskrifter som blir brukt i dag.

1 kg havregryn

1 kg havremjøl

2 ts salt

sammalt kveitemjøl

ca. 3 l vatn

Tøm havregryna opp på eit stort fat. Kok opp vatn og slå det over og la det stå natta over. Knø inn salt, havremjøl og sammalt kveite til fast og god deig. Lettvint måte å lage emne på  er: Ta ein stor del av leiven og kjevl ut til ein tjukk leiv (2-2,5 cm). Lag runde leiver, og kjevel desse runde og tynne. Steik dei på ei takke. Må oppbevarast tørt og mørkt.

Flatbrødsteiking er ikkje nokon lett jobb. Du må vere konsentrert og arbeide raskt, elles vil leivene fort bli brende.

Bilda under er henta med løyve frå " Mat frå gard og grend" - Snøhetta Forlag. Fotograf til bilda: Bjarne Fossøy

baking1.jpg (206854 bytes)

Bilde 1: Dersom leiven skal bli rund, må emnet vere godt tillaga. (Fotograf: Bjarne Fossøy)

baking2.jpg (184554 bytes)

Bilde 2: Passeleg mengde med "breimjøl" må til. Breimjøl for oppskrifta over: blanding av byggmjøl og sikta, sammalt kveitemjøl (Fotograf: Bjarne Fossøy)

baking3.jpg (189954 bytes)

Bilde 3: Leiven veks - Marie har eit godt tak på kjevla. (Fotograf: Bjarne Fossøy)

baking4.jpg (183654 bytes)

Bilde 4: Heilt til slutt: Ein omgang med rutakjevlet. (Fotograf: Bjarne Fossøy)

baking5.jpg (183654 bytes)

Bilde 5: Leiven skal på takka. Stikk spaden under leiven, løft opp og brett framover. Rull deretter leiven bakover. (Fotograf: Bjarne Fossøy)

baking6.jpg (181854 bytes)

Bilde 6: Løft leiven frå bakstefjøla.  (Fotograf: Bjarne Fossøy)

baking7.jpg (176454 bytes)

Bilde 7: Legg leiven på takka og rull leiven framover (Fotograf: Bjarne Fossøy)

baking8.jpg (191754 bytes)

Bilde 8: Brødet er snart ferdig, og stabelen veks! (Fotograf: Bjarne Fossøy)

                     

                  wbfire.gif (950 bytes)                                                   wbfem.gif (949 bytes)
                kokebok                                      kaker og brød

wbåtte.gif (8539 bytes)