ROSEKYRKJA
Målarane
Det er Andreas Reinholt og Webjørn Halling som har måla Stordal kyrkje. Kven Andreas Reinholdt var veit ein ikkje. Kanskje var han ein tysk handverksmålar? I den seinare tid har ein funne ut at Webjørn Halling er den same mannen som to år tidligare (1797) måla Volda gamle kyrkje. (Ho vart reven i 1858). Ein veit med sikkerheit kven som måla Volda gamle kyrkje. Etter nedteikningar frå Volda gamle kyrkje, finn vi igjen dei same figurrekkene og uttrykket i penselføring som vi finn i Stordal gamle kyrkje. Verset under brudemøyane var og det same, så ein kan trygt slå fast at målarane var Vebjørn Olsen Hamarsbøen, fødd i 1766 i Hol i Hallingdal.
Målarglede
Rosekyrkja i Stordal vitnar om stor målarglede
Rundt 1800 hadde Hallingdal fleire rosemålarar enn det var arbeid til på heimstaden. Vebjørn Olsen Hamarbøen var ein av dei som tidlegast fann vegen over fjellet for å søke arbeid. Det vert hevda at Vebjørn Olsen Hamarsbøen var den første som tok med seg rosemålarkunsten til våre kantar.