ROSEKYRKJA
Kyrkjemåling
Dekorativ kyrkjemåling.

Dekorativ kyrkjemåling har lange og rike tradisjonar her i landet. Men levevilkåra for kyrkjekunsten har vore sterk skiftande. I mellomalderen var norsk målarkunst først og fremst knytt til kyrkjeinteriøret. Det var ved gudstenesta folk flest kom den strålande fargeverda på nært hald. Gotisk kyrkjepryd var den siste verkelege kunst "retninga" før svartedauden og nedgangsåra tok til. Gjennom dei mørke hundreåra var kyrkjekunsten ein åndeleg og kunstnarleg næringskjelde for folket.

Reformasjonen braut med det tradisjonelle synet på kyrkjekunsten. Men dette brotet vart heller kortvarig. Renesansens straumdrag sette ny fart i kyrkjekunsten. Fleire og fleire bygdekyrkjer vart dekormåla i renessanse og barokkstil. Blomster og akantusrankar grodde frodig rundt veggar og tak. Fargane var enkle med kraftige svarte konturar. Det var "lausemålarar" frå byane som utførte dette arbeidet, slik som det var i mellomalden. Kyrkjekunsten i 1600 åra vart dei viktigaste inspirasjonskjelda for dei første bygdemålarane. Med dei økonomiske oppgangstidene på 1700 talet slo rosemålinga ut i full blomst. Figurativ kyrkjemåling
Dei flinkaste rosemålarane fekk etter kvart oppdrag rundt omkring i bygdekyrkjene. På Vestlandet vart kyrkjer rosemåla så seint som i 1810 - 20. Siste halvpart av det forige århundre kom stilforvirring, og smaksforfall vart ei hard tid for den gamle kyrkjekunsten. I bygd etter bygd vart stavkyrkje og andre gamle gudshus revne eller ombygde, og den rike prydmålinga frå eldre tider gjekk oftast til grunne. Ein av dei få kyrkjene som fekk stå i fred var Stordal gamle kyrkje. Og ein kan i dag vere glad for at bygda tok vare på dette ærverdige minnesmerket.