| Benkane. Benkane
i gamlekyrkja er plasert på ein måte
som minner om plasseringa i ei
korskyrkje. Nokre av benkane langs nord-
og sørveggen er plassert som i amfi. Det
går ei tverrgang i kyrkja som fører
bort til desse sitjeplassane.
Det ser ut for at kvar gard, eller
fleire gardar saman, har laga benkane
sine sjølve, då det knapt finst to
benkar som er like.Dei størst og rikaste
gardane hadde sine benkar nærmast
alteret.
|