ROSEKYRKJA
Inventar
Lysekroner.

Vi finn to lysekroner i Stordal gamle kyrkje. I taket på kyrkjerommet heng ei lysekrone av messing. Denne krona er samansett av to lysestakar som tidlegare var plassesert på kvar sin side av koret.

Messinglysekrone Lysekrone i jern
Lysekrona av jern som heng i kyrkjerommet, kan vere frå stavkyrkja.

Stordal gamle kyrkje har ingen form for oppvarming. Det var kun den varmen talglysa gav som var varmekjelde. Det kunne såleis heller verte ein kald fornøying å sitje i kyrkja. Det vert fortald at hårlause kara ofte under gudstenesta lurte seg til å legge ein vott over den balnke skallen for å halde på varmen.

Seglskuta
Seglskuta.

"Fulriggaren " som heng frå taker på kyrkjeskipet, veit ein heller lite om. Men skuta skriv seg truleg frå dansketida. Skuta skal symbolisere at vi menneske er på reise.

Stordalingen PetterKorsadal reparerte seglskuta i 1870.