ROSEKYRKJA
Inventar
Krusefikset.

Krusefikset som heng på nordveggen kjem og frå den første kyrkja i Stordal. Mange fagfolk hevdar at dette krusefikset høyrer med til dei vakraste krusefiksa vi har her i landet. Krusefikset er laga i den seinromanske stilen, og har vorte restaurert to gonger.

Krusefikset
Krusefikset, Jesus på krossen, heng til venstre for koropninga.
Døypefonten.

Døypefonten står til venstre i koret. Sokkelen på døypefonten er laga av ein tømmerstokk, og er truleg ein levning frå stavkyrkja.

Døypefonten
Den massive døypefonten står til venstre i koropninga.