|
|
| ROSEKYRKJA |
| Inventar |
| Preikestolen. Den
massive preikestolen er også rikt
dekorert . Speil og fyllingar er måla i
hovudfargane blått og kvitt. Dei
figurative renesansemotiva utgjer dekoren
på preikestoen.
|
| Sokkelen på
preikestolen er laga av ein svær
tømmerstokk Han er dekorert med
utskjeringar og er truleg frå
den første kyrkja i Stordal. Ei
fjøl som er frå den første
stavkyrkja har den same
utskjeringa som sokkelen på
preikestolen. Denne fjøla
kan ein sjå i våpenhuset. |
 |
|
|
|
| Blomane i midten på preikestolen er
måla i sandsteinsgult og er i ein klar
blåfarge. Dei naive anleta øverst og
nederst har den same linjeføringa som
figurane på veggane.
|
 |
|
|