|
|
| ROSEKYRKJA |
| Historie |
| Dei siste
åra Stordalskyrkja var i hendene på
Hans Pauli Ursin, hadde ho vorte i
dårleg stand. Gamal var ho og, så
tanken om ei ny kyrkje var snart reist.
Sokneprest Ebbe Carsten Tønder, som kom
frå Helgeland, gjekk inn for ei ny
kyrkje i Stordal med stor iver. |
 |
Han utarbeidde
planer for det nye bygget og
etter Tønders plan vart kyrkja
bygd. Stordalsbøndene hogg
sjølv tømmeret og etter mykje
arbeid fekk dei reist kyrkja som
i dag kjenner som Stordal gamle
kyrkje. Tønder fekk ikkje
oppleve å sjå kyrkja ferdig.Han
døydde i 1785 , så det vart
ettermannen hans Hans
Bemechefødd i Kjøge i Dannmark
som fullførte arbeidet og
represerterte prestestanden ved
innviinga i 1789
|
|
| Taket i våpenhuset er rosemåla og
er frå den første stavkyrkja |
| I 1884 løyste Stordal kommune inn
alla partane i kyrkja, og vart dermed
eigar av kyrkja. I 1880 åra kom det
tankar om ei ny kyrkje, og at den gamle
kyrkja skulle rivast Det skapte strid i
bygda kvar den nye kyrkja skulle stå .
Då det vart bestemt at nykyrkja skulle
stå litt lenger nede i bygda fekk den
gamle kyrkja stå i fred.
Stordal gamle kyrkje vart i 1908 seld
til Foreningen til Norske
Fortidsminnesmerkers Bevaring som i dag
er eigar av kyrkja.
|
|
|