|
|
| ROSEKYRKJA |
| Historie |
| Frå 1700
og utover selde den danske staten
mesteparten av dei eigedomane den hadde
her i landet. Staten måtte ha pengar til
krigføring og det var ikkje så reint
små summar staten skaffa seg ved å
selge kyrkje og tilhøyrande jordgods.
Det var velstående nordmenn som var dei
vanligaste kjøparane, og det vart snart
eit vilkår for å vere velstående at
ein åtte ein eller helst fleire kyrkjer.
Det var ikkje uten vilkår ein fekk
kjøpe ei kyrkje. Ein måtte betale
kontant og desutan måtte ein forplikte
seg til å halde kyrkja i forsvarleg
stand. I 1723 vart Jetmund Erikson
Stordalsholmen kyrkjeverje for
Stordalskyrkja. Han dreiv med handel på
Stordalsholmen og var ein av dei
mektigaste og rikaste mennene på Indre
Sunnmøre. I 1723 vart Stordalskyrkja
lyst ut til salgs på ein auksjon i
Bergen. Jetmund Erikson Stordalsholmen
reiste til Bergen for å kjøpe kyrkja.
Den 14. juli fekk han tilslaget og han
kjøpte kyrkja av den danske stat ved
Fredrik den 4. for 40 riksdaler. Det
gjekk heller lenge frå handelen var
gjort til Jetmund fekk skjøtet på
kyrkja. Skjøtet er datert 3. juli 1725.
Jetmund åtte kyrkja fram til 1740. Då
kjøpte kjøpmann Hans Haltermann
"Diesvinge" ho. (Diesvinge låg
i Borgundsund, seinare Ålesund).
Haltermann fekk skjøtet 23. februar
1741.
|
| Peder Larsen
Widdahl hadde gifta seg med
dotter til Jetmund
Stordalsholmen,Anna, og han ville
gjerne ha kyrkja. Widdahl kjøpte
kyrkja av Haltermann for 120
riksdaler. Skjøtet er datert 15.
mai 1746. Peder Larsen Widdahl og
kona Anna Jetmundsdotter var
barnlause, men dei tok til seg
brordotter til Peder, Olave
Olsdotter Widdahl. >Då Peder
og Anna døydde , arva Olave det
dei åtte, blandt anna
Stordalskyrkja. Testamentet til
Olave er tidfesta til 2. mai1766.
|
 |
|
| Olave Olsdotter Widdahl gifta seg med
Hans Pauli Ursin, "undi Lofoten,
Nordlands amt", Olave døydde i ung
alder og mannen overtok kyrkja. Hans
Pauli Ursin var ikkje så interessert i
å eige Stordalskyrkja, så difor starta
han å forhandle med bøndene i Stordal
om kyrkja. I 1774 reiste Ursin sørover
til Bergen med fisk. På turen stoppa han
ved Valderøy, og på Walderhaug møttest
han og nokre representanter frå bøndene
i Stordal. Den 20. august 1774 vart det
avgjordt at Stordalsbøndene kom til å
kjøpe kyrkja, og prisen var 436
riksdaler. Skjøtet frå Hans Pauli Ursin
til bøndene i Stordal er tinglyst 8.
juni året etter. Dei siste åra
Stordalskyrkja var i hendene på Hans
Pauli Ursin, hadde ho vorte dårleg
stand. Gamal var ho og, så tanken om ei
ny kyrkje var snart reist. Sokneprest
Ebbe Carsten Tønder, som kom frå
Helgeland, gjekk inn for ei ny kyrkje i
Stordal med stor iver. Han utarbeidde
planer for det nye bygget og etter
Tønders plan vart kyrkja bygd.
Stordalsbøndene hogg sjølv tømmeret og
etter mykje arbeid fekk dei reist kyrkja
som vi dag kjenner som Stordal gamle
kyrkje. |
 |
|
|