ROSEKYRKJA
Historie
Den første kyrkja i Stordal rekna fagfolk med vart bygd omkring år 1200. Det var ei langkyrkje av stavverk og hadde tårn i den eine enden. Stavkyrkja stod der Stordal gamle kyrkje står i dag. I Jordboka til Aslak Bolt frå 1432 er Stordal kyrkja nemt for første gong. Kyrkja er også nemt i "Trondhjemms reformats" i 1589 og seinare i 1665, 1709 og 1722. Reformatsen var eit opplysningsskrift til Bergen skift om økonomien i dei ulike skifta.
I Hans Strøm si bok "Beskrivelse over Fogderiet Søndmør", skreven i 1766 står det: "Stordal Kirke nu omstunder er en liden og anselig Stav Kirke, som slet ingen Merkværdigheder har, og eier kun ringe Jordgods bestaande af 2 Voge og 18 Mark Fisk. Dens Vedlege haldelse besørges af Sognemændine, der selv eier Kirken". Lysekrone av jern truleg frå 1200 talet
Denne fjøla stammar frå den første stavkyrkja
Denne fjøla stammar frå den første kyrkja i Stordal
Korleis stavkyrkja såg ut har ein mest fått greie på gjennom "kyrkjestolen i treårsperioden 1720-23. Kyrkjestolen var eit rekneskap for kyrkja og i denne perioden var det gjordt ymse reperasjonsarbeid. Nokre bord og staver i tårnet, og ein del bordkledning vart skifta. Utifrå lengden på dei brukte materialene kan ein tenkje seg omlag korleis kyrkja såg ut. Kyrkjestolen syner og at kyrkja, tårnet og våpenhuset vart kjørebreidd.