Sopprot eller mykorrhiza

 

Sopprot.JPG (3330 bytes)

Dette er ein form for symbiose, då det er eit samarbeid mellom sopp og trær. Soppmycelet veks tett saman rundt og trenger inn i dei tynnaste trerøtene ved hjelp av eit fint nett av mycel – sopptrådar. Gjennom desse trådane får soppen næring (sukker), som treet har laga ved hjelp av fotosyntesen. Treet får vatn og viktige næringssalter som soppen lettare enn treet tar opp frå jordsmonnet. Dette gjeld særleg på næringsfattig  berggrunn. Dessutan vil sopprota verna trerøtene mot skadeleg sopp.
Forskjellige soppar har spesialisert seg på bestemte trearter. Dette er grunnen til at du ofte vil finna bestemte soppar rundt dei forskjellige trea. Mange av hattesoppane våre høyrer med her. Skogdøden i Europa kan ha sin grunn i at forureininga tar knekken på mykorrhiza soppen og at trea dermed ikkje klarer å skaffa seg alle dei næringsstoffa dei treng. Dette er eit døme på korleis forskjellige faktorar kan verka inn på det økologiske samspelet i naturen.

Tilbake til sopp