|
|
| Dette er ei stor gruppe med store variasjonar og bortimot 100000 artar. I Norge reknar mykologane med at det fins bortimot 10000 artar, og dei oppdagar stadig nye. Soppane har ei utruleg tilpassingsevne og du kan treffa på dei i mange samanhengar. Storsoppen er dei me vanlegvis tenkjer på som sopp. Dei ser me helst ute i skogen om hausten, for då sprett fruktlekamane opp. Det er blant desse du finn matsoppane våre. Desse soppane deler me inn i grupper etter korleis sporene sit på undersida av hatten eller på anna vis.
Soppen er ute elles i året og, men då som soppmycel, eit vev av kvite sopptrådar nede i jorda. Av og til kan ein støtta på ringar eller buar der graset av uforklarlege grunnar ser nedtrakka ut. Før i tida trudde ein at det var dei underjordiske som hadde vore der og dansa og kalle det alveringar. Hekseringar har det og blitt kalla, i dag har dei prøvd seg med UFO-ringar. I dei fleste tilfeller har det vist seg å vera områder med ekstra mykje soppmycel i jorda. Soppen har ikkje klorofyll og må derfor skaffa seg næring på anna vis. Det gjer han på forskjellige måtar anten ved å vera parasitt, saprofytt eller sopprot. Nokre utviklar til og med feller som kan fanga opp mark. Sidan soppen ikkje inneheld klorofyll har det vore diskutert bladt mykologane om
me skal rekna han til plantene i det heile. Likheten ligg i at dei produserer sporer som
dei andre artane eg har skreve om på desse sidene. |