|
 |
Symbiosen til lav.
Her ser du eit snitt gjennom ein lav. Du ser at
lavlekamen som ofte blir kalla thallus er bygd opp av eit tett lag med soppceller
ytterst. På undersida ser du rhiziner som er feste organer.
I midten er det sopphyfer (sopptrådar) rundt dei grøne algecellene.
Algene inneheld klorofyll og der foregår fotosyntesen som lagar sukker ved hjelp av
sollys, vatn og karbondioksid.
Soppcellene tar opp vatn og næring i tillegg til at dei vernar og held planta på
plass. Det er dette samarbeidet som me kallar symbiose.
|