Måtar laven kan formeira seg på:

 

Soppsporene hjå lav blir laga i små utvekster kalt apothecier eller perithecier. Her må soppsporene finna dei rette algene når dei sprer seg. Fyrst då kan det veksa opp ein ny lav.
Apothecia er skålforma med hymeniet med sporene i midten og ein tydeleg kant rundt. Dei er frå 0,5-10mm i diameter.

 

lavapothecium.

Perithecia er ofte mindre og har ei trong opning slik at hymeniet der sporene ligg er godt beskytta.

lavperithecium.

Ellers kan laven inneheld utvekster av  alger og soppsporer som kan fyka avgarde og veksa opp til ny lav.  Her er to forskjellige former for slike utvekster som resulterer i vegetativ eller ukjønna formeiring:
Isidier er små barkkledte utvekster.

 

 

laviside

 

Soredier får laven når thalluset brekk opp og det kjem ein klomp med alger og sopp ut. Det ser ut som eit pulver.

lavsoredias

Tilbake til lav