![]() |
|
|
Karsporeplantene liknar blomsterplantene og er dei mest utvikla av sporeplantene. Dei har rot, stengel og blad. I blada er det klorofyll og der skjer fotosyntesen. Namnet har dei fått fordi dei har indre leidningsrøyr kar i stengelen og blada. Der blir det frakta næring og vatn. Dei har ein heilt spesiell måte å formeira seg på, med noko me kallar generasjonsveksling. I jorda si oldtid var det desse plantene som dominerte, seinare er dei blitt utkonkurrerte av blomsterplantene. Karsporeplantene blir delt inn i 4 grupper: Bregner Sneller Kråkefot Brasmegras
|