|
Bregner |
|
Du kjenner dei igjen i skogen som store eller små vifteforma blader på fuktige og skuggefulle stader. Dei unge blada er innrulla som ein bispestav noko som har gjort at det har vore knytt ein del mystikk og overtru til dei. Mange kallar dei for ormagras. |
||
| På undersida av blada er det av og til nokre brune klumpar, det er sporehopar eller grupper av sporehus med sporer. Dette er 1. leddet i generasjonsvekslinga til desse plantene. | ||
| Først er det
sporofyten (den vanlege planta) med sporehopane. Sporene ligg inni eit sporehus som
sprekk opp slik at sporene fyk avgarde. Får dei gunstige forhold veks dei opp til ein
forkim. På forkimen veks det ut egg-gjemmer og sædgjemmer og der kan det skje ei
befruktning. For at det skal skje må der vera vatn slik at sædcella kan symja bort til
eggcella i egg-gjemme. Opp av det befrukta egget veks det så opp ei ny plante. Under har eg vist det med bregna, sisselrot. |
||
![]() På andre artar kan sporene
sitja på eigne blader som ser heilt brune og visne ut. Her er nokre artar du kan sjå litt nærare på. |
||