|
|||||
Reinsing av røyrleidningenStatpipe-røyret vart lagt i 1983. Før ein kunne senda gass gjennom Statpipe, måtte røyret reinsast, tømmast for sjøvatn og tørkast. Her brukte dei ein metode som ikkje var brukt i så stor målestokk før. Dei sende eit "tørketog", som var fleire kilometer langt, gjennom røyrleidningen. Frå Statfjord B-plattforma sende dei ei skrape gjennom røyret. Etter skrapa sende dei ein vassbasert gele gjennom røyret. Denne geleen skulle trekkja til seg vatn som var i røyret. Etterpå sende dei ei ny skrape, og så metanol, som òg syg vatn. Så kom ei ny skrape og meir metanol. Ei fjerde skrape vart sendt gjennom, etterfølgt av ein dieselbasert gele. Og til slutt enda ei skrape som vart driven av rikgass frå Statfjord. Trykket i gassen var 130 atm. Fleire dagar seinare blei skrapene tekne ut av røyrleidningen på Kalstø på Karmøy. Det følgde med noko skit, men stort sett såg det ut til at røyrleidningen var godt reingjort. Operasjonen var eineståande i sitt slag og hadde aldri vore nytta i så store dimensjonar før. Seinare vart denne metoden nytta til å reinsa og tørka resten av Statpipeanlegget. |
|||||
| Klikk her for å sjå ein animasjon av tørketoget. (Det kan ta litt tid.) | |||||
| Atmosfærisk trykk
(atm) Oljen og gassen i Nordsjøen står under trykk. Når ein borer, i Nordsjøen, slepp ein å pumpa oljen og gassen opp, dei sprutar opp p.g.a. trykket. Trykket ved havflata er 1 atm. |