Overskrift

Førre Til botnar

Neste

index Utvikling Produksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Gassar Miljo  

Plast

Ved petrokjemianlegga i Bamble i Telemark vert det framstilt plaststoff som har kjempemolekyl danna gjennom bearbeiding av naturgass. Utgangspunktet er våtgass eller olje frå Ekofisk i Nordsjøen. Olja og gassen frå Ekofisk går i røyrleidning til Teeside i England og vidare med tankskip til Bamble.

Den fyrste prosessen på vegen frå våtgass til plast er cracking i etylenfabrikken Noretyl. Her vert det framstilt etylen frå etan (eten) og propylen (propen) frå propan. Både etylen (eten) og propylen (propen) er gassar.

I Bamble ligg to fabrikkar som produserer plastråstoff. Desse fabrikkane er Norsk Hydro sin vinylfabrikk på Rafnes og Norpolefin sitt anlegg på Rønningen.

Det neste steget i prosessen er polymiseringa. Propylengassen blir brukt til å produsera plasten polypropylen (PP). Etylengassen blir brukt til å produsera dei to plasttypane PEH og PEL. PEH er polyetylen med høg tettleik, og PEL er polyetylen med låg tettleik. Både PP, PEL og PEH er termoplastar. Termoplastar er plastar som kan smeltast og arbeidast med fleire gonger utan at eigenskapane deira vert endra. (Motsett er herdeplast som ikkje kan varmast opp og arbeidast med.)

Det varierer kor mykje av stoffet som vert omdanna til plast i desse prosessane. Det som ikkje vert omdanna i fyrste omgang, blir sendt tilbake i anlegget og nytta ein gong til. På sikt blir difor mesteparten av råstoffet omdanna til plast. Den litle delen av råstoffet som ikkje blir omdanna, vert brukt til brensel i anlegget.

Til sist vert polymeren vaska og reinsa og tørka til eit kvitt pulver. Dette pulveret blir varma opp, forma til små perler (granulat) og nedkjølt. Slikt granulat vert kalla primærplast.

Ein produserer òg plastblandingar, compounds, der andre stoffer, t.d. gummi, er blanda inn.

     
Førre   Til toppen

Neste

  Startsida Jorda si utvikling Gassproduksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Ulike gassar Miljø
© tb-99