Overskrift

Førre Til botnar Til startsida
index Utvikling Produksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Gassar Miljo  

Ozonlaget

Rundt jorda, i stratosfæren, er det eit lag av gassen ozon (O3). Dette ozonlaget hindrar dei skadelege ultrafiolette strålane (UV-strålane) frå sola å trengja inn på jorda. Ozonlaget vert kalla for jorda sine solbriller (eller solkrem). Ozonlaget er altså svært viktig for oss. Stråling

Sola sender ut stråling med ulik energi (ulik bølgjelengd). Dei ultrafiolette strålene, UV-strålane har mykje energi. UV-strålane, og særleg UV-B, skadar levande ting. UV-stråling gjev menneska solforbrenning, hudkreft og augneskadar.

Ozonlaget finst i hovudsak to stader i atmosfæren.
Mesteparten, ca 90 %, er i stratosfæren. Det er dette som vart kalla ozonlaget. Dette er livsviktig for livet på jorda, så her vil me ha mykje ozon.
Resten, ca 10 %, er ved jordoverflata. Høge konsentrasjonar av bakkenært ozon øydelegg plantevev og dyrevev. Ozon ved jordoverflata er giftig for livet på jorda, difor vil me ikkje ha mykje ozon her.

Det er viktig at ein ikkje blandar saman ozon ved bakken og ozonlaget.

Ozon-øydeleggjarane: Sprayboks
Eit av dei viktigaste ozon-øydeleggjande stoffa er klorfluorkarboner (KFK). Felles for dei aller fleste ozon-øydeleggjande stoffa er at dei opphavleg ikkje finst i naturen, men er lagde av menneske.

NB! Reduksjon av ozonlaget er ikkje det same som drivhuseffekt.

 
 
 
 
 
 
 
 
     
Førre   Til toppen   Til startsida
  Startsida Jorda si utvikling Gassproduksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Ulike gassar Miljø
© tb-99
   
   
   
   
   
   
   
   
   
Tilbake Stratosfæren:
Den delen av atmosfæren som er mellom 10 km og 50 km over bakken.