|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Våtgassane
vert lagra på flytande form i store tankar på Kårstø,
medan tørrgassane vert sende gjennom Europipe vidare til
Europa med ein gong. Lagringstemperaturen ligg mellom vanleg utetemperatur og ned til minus 45°C. Propan- og butantankane har doble veggar og tak. Innertanken er laga av stål, og yttertanken er laga av armert betong. Betongen i ytterveggen er 60 cm tjukk. Det er 1 m mellom innertank og yttertank. Tappekranane er monterte gjennom taket for å hindra svake punkt i veggane som kan føra til lekkasje. Tankane som inneheld nafta og kondensat flytande tak. Det indre taket ligg oppå den flytande gassen slik at det blir minst mogleg tomrom i tankane. Desse tankane har enkle veggar fordi nafta og kondensat er flytande ved vanleg temperatur. Dei største tankane er om lag 40 m i diameter og 25 - 40 m høge.
|
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||