Overskrift

Førre Til botnar Til startsida
index Utvikling Produksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Gassar Miljo   Kvartærtida representerer dei siste 2 millionar åra og omfattar istidene samt utviklinga av menneskeslekta.

Det har truleg vore 6 - 7 store istider med varmare periodar imellom. No lever me i ei slik mellomistid. Forskarane er usikre på når den neste store nedisinga kjem. Ein veit at innanfor kvar av dei førre istidene har det vore periodar med mildare klima, slik at det t.d. ikkje har lege isbrear heilt ut til kysten av Noreg heile tida.

I istidene er mykje av vatnet på jorda frose til is. Det fører til at havnivået er lågare enn elles. Under den siste istida var havnivået 120 meter lågare enn no fordi så mykje vatn var bunde til iskappene på land. I den sørlege delen av Nordsjøen er det påvist buplassar for steinaldermenneske på det som no er havbotn.

I tertiær og kvartær blei det transportert store mengder slam og sand ut på den norske kontinentalsokkelen, både i Norskehavet og Nordsjøen. Det meste er leirer, som kan vera opptil 3 km tjukke. Den store tilførsla skuldast rørsler i jordskorpa som førte til at den Skandinaviske halvøya (Noreg og Sverige) blei vippa opp i vest samstundes med at havbotnen utanfor heldt fram med å søkkja inn. Dette ga eit bratt relieff og raske elvar som førte mykje materiale ut i havet.

Namnet kvartær tyder eigentleg "fjerde". Tidlegare var tidsbolkane inndelt i primær ("fyrste"), sekundær ("andre"), tertiær ("tredje") og kvartær ("fjerde"), men så blei det behov for ein finare inndeling av dei to fyrste bolkane.

     
Førre   Til toppen Til startsida
  Startsida Jorda si utvikling Gassproduksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Ulike gassar Miljø
© tb-99