Overskrift

Tilbake Til botnar Neste
Kårstøanlegget     (Løyve frå Statoil, Nord-Rogaland)Kårstøterminalen består av ein mottakardel, ein separasjonsdel, ein fraksjoneringsdel, lager og utskipingsanlegg. I tillegg finst det laboratorium, faklar, kraftverk, kjølesystem og dampsystem der.

1720 dekar er regulert til industri og 1000 dekar er avsett til sikringssone. Ingen kan bu i sikringssona, men ein kan driva jordbruk.

Til terminalen blir det transportert rikgass frå Statfjord og Gullfaksfeltet. Rikgassen er sett saman av fleire ulike gasstypar. Kvar gass her sitt bestemte energi-innhald.

Kjøparane av gass på kontinentet vil berre ha gass med eit bestemt energi-innhald. På terminalen skil ein difor ut dei gassane som gjev for høgt energi-innhald. Den rette gassblandinga består hovudsakleg av metan og etan. Dei utskilte gassane (= våtgassane) blir vidare separert i form av flytande propan, butan, isobutan og nafta (lettbensin).

     
Tilbake   Neste
    Startsida Jorda si utvikling Gassproduksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Ulike gassar Miljø
© tb-99
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
Dekar 1 dekar = 1000 m2 (kvadratmeter)

1 dekar = 1 mål

Tilbake