Overskrift

Førre Til botnar Neste
index Utvikling Produksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Gassar Miljo   Havnivået har endra seg mykje gjennom den tida jorda har vore til. I juratida var Nordsjøen tørt land. Det var sletter med elvar, sumpområde og skogar. Klimaet var varmt og mildt. Store planteetande og kjøttetande dinosaurar levde på elveslettene og i sumpområda. I tillegg fanst det krokodillar, skjelpadder, firfisler, slangar, froskar og insekt i store mengder. Det fanst pattedyr og, men dei var ikkje større enn kattar.

I havet levde det hai og fiskeøgler (ein type rovdinosaur som kunne symja) og ammonittar (blekksprutar med skal). Ein har funne ein ryggvirvel frå ein dinosaur i ei borekjerne frå ein brønn på Gullfaksfeltet. Det er truleg at det ligg eit skjelett i steinen, eit fossil, og at boret har gått gjennom ryggsøyla på dette skjelettet.

Ammonitt (180 miil. år)Ammonittane var ei talrik gruppe sjødyr. Ammonittar var blekksprutar som sumde fritt i havet. Dei hadde spiralsnodde skal. Diameteren på skala kunne vera frå nokre centimeter til over ein meter. Ein har funne ammonittar (fossil) med bitemerke frå kjevane til fiskeøgla.

     
Førre   Til toppen

Neste

      Startsida Jorda si utvikling Gassproduksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Ulike gassar Miljø
© tb-99