Overskrift

Førre Til botnar Neste
index Utvikling Produksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Gassar Miljo  
Skjematisk snitt av jordskorpa

Teikninga viser eit skjematisk snitt av jordskorpa. Olje og gass vert danna frå 1,5 km og nedover i jorda.

Når plantar og dyr døyr, rotnar dei. Bakteriar, soppar, meitemakkar og andre småkryp og åtseletarar hjelper til med nedbrytinga. Etterkvart er restane etter plantane og dyra vorte til god og næringsrik mold. Slik går karbon og andre stoff vidare til nytt liv.

I slike nedbrytingsprosessar blir det frigjeve metangass.

Nokre gonger blir dei daude plantane og dyra dekte av leire, sand og grus før dei får rotna ned. Det kjem då ikkje oksygen (O2) til, og forrotninga stansar. Etterkvart som stadig meir sand og grus legg seg til, og sedimentet blir tjukkare og tyngre, blir det større press på dei nedre delane. Då aukar trykket og temperaturen. Når trykket og temperaturen blir høgt nok, vert det danna olje og gass. Gass vert danna ved høgare trykk og temperatur enn olje.

Denne prosessen tek millionar av år. Dei plante- og dyrerestane som no er omdanna til olje og gass (Nordsjøen), levde i trias-, jura-, krit- og tertiærtida.

Sanden og grusen, sedimentet, vert til stein. Slik stein, som vert kalla sedimentære bergarter, er ofte porøs.

Jordskorpa er store plater som flyt oppå mantelen. Desse platene rører seg heile tida. Nokre gonger kan me sjå resultatet av denne rørsla - jordskjelv og vulkanutbrot. Fjellkjedene er òg eit resultat av at jordplatene kolliderer.

 
 
 
 
 
 
     
Førre   Til toppen

Neste

      Startsida Jorda si utvikling Gassproduksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Ulike gassar Miljø
© tb-99