Overskrift

Førre Til botnar Neste
index Utvikling Produksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Gassar Miljo  

Gass som energikjelde

GasskomfyrI store deler av Vest-Europa koker folk maten sin på gasskomfyrar. Dei varmar opp badevatnet sitt og husa sine med gass, og dei får òg deler av den elektriske krafta si frå gassfyrte energiverk. Handel, småindustri og annan industri er òg store kjøparar av naturgass, for det meste metangass.

Gassen blir ført i røyr til Tyskland. På det europeiske kontinentet er det eit tett forgreina nett av røyrleidningar fram til forbrukarane. Transportsystemet vil gjera det mogleg å selja gass frå Nordsjø-området til kundar over heile Vest-Europa - like ned til Sør-Frankrike.

Elektrisk kraft

I Noreg blir den elektriske krafta i hovudsak produsert i vasskraftverk. I Europa og andre stader i verda brukar ein mest ikkje vasskraft, der blir elektrisiteten produsert i kolfyrte eller oljefyrte energiverk eller i atomkraftverk. Gass er mykje meir miljøvennleg enn olje fordi det ureinar mykje mindre.

 
 
 
 
 
 
 
 
     
Førre   Til toppen

Neste

  Startsida Jorda si utvikling Gassproduksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Ulike gassar Miljø
© tb-99