|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Det
kan bli svært varmt inni eit drivhus. Det er fordi sola
stråler inn gjennom glasa i drivhuset. Desse
varmestrålane har vanskar med å sleppe ut att, og difor
vert temperaturen inni drivhuset høgare enn utafor. Jorda inneheld mange forskjellige gassar. I lufta er det mest nitrogen (N2) og oksygen (O2), men òg karbondioksid (CO2) og edelgassar.
Karbondioksid (CO2) er den viktigaste av drivhusgassane. Jorda tek imot energi frå sola. Solstrålene har kort bølgjelengd. Dei går lett gjennom atmosfæren. Jorda gjev frå seg varme (energi) til verdsrommet. Desse varmestrålene har lang bølgjelengd. Drivhusgassane i lufta bremsar varmestrålane slik at dei ikkje slepp så lett ut i atmosfæren. Dette gjer at atmosfæren blir varmare. Det har alltid vore drivhusgassar og drivhuseffekt på jorda. Gjennomsnittstemperaturen på jorda er +15°C. Utan drivhuseffekten ville middeltemperaturen på jorda vore -18°C. Kvifor er då drivhuseffekten eit miljøproblem?Mengda drivhusgassar aukar slik at det blir endå vanskelegare for varmestrålane å sleppa ut i verdsrommet, og temperaturen på jorda aukar.
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||