Overskrift

Førre Til botnar Neste
index Utvikling Produksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Gassar Miljo  

Cracking

Når ein brukar naturgass som råstoff i industrien, må ein dela opp (spalta), forandra og setja saman gassmolekyla slik at dei kan laga nye molekyl. Når eit molekyl vert spalta, vil atoma danna fleire forskjellige nye molekyl. I tillegg må ein oftast nytta ein katalysator for å få prosessen i gang. Ein annan måte å omdanna naturgassen på, er å la han reagera med andre stoff, t.d. vatn eller luft, slik at det vert danna nye kjemiske sambindingar.

Kjemisk reaksjon

C2H6 ® C2H4 + H2
Etan
® Etyn (= etylen) + Hydrogengass

Polymerisering

Det finst mange typar plast. Ein av dei er polyetylen. For å laga polyetylen må ein binda saman lange kjeder med etylen-molekyl. Denne prosessen vert kalla polymerisering. Det er viktig å få akkurat dei molekyla ein ynskjer. Når plasten vert framstilt, vert råstoffet sendt inn i ein reaktor saman med ein katalysator. Ein bringar blandinga opp til rett trykk og temperatur, og det oppstår ein polymerisering.
Polyetylen inneheld fleire hundre tusen etylen-molekyl. Det kjemiske namnet på etylen er etyn. Kjemisk formel for etyn / etylen er C2H4.

 
 
 
 
 
 
 
 
     
Førre   Til toppen  

Neste

  Startsida Jorda si utvikling Gassproduksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Ulike gassar Miljø
© tb-99
 
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
     
Tilbake Katalysator: Ein katalysator er eit stoff som får i gang og held ved like ein kjemisk reaksjon, men som ikkje sjølv vert brukt opp. Klorofyllet, det grøne stoffet i plantene, er ein katalysator som gjer at plantene kan omdanna sollys (=energi), vatn (H2O) og karbondioksid (CO2) om til sukker og oksygen (O2). Katalysatoren er òg med på å styra reaksjonen slik at ein får mest mogleg av det stoffet ein ynskjer.
Tilbake Polymerisering: Stoff som kan binda seg i lange kjeder vert kalla monomere. Ordet mono tyder éin. Slike lange molekylkjeder vert kalla polymere. Ordet poly tyder fleire.