Overskrift

Førre Til botnar Til startsida
index Utvikling Produksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Gassar Miljo  

Bygnes

Driftssenteret for Statpipe sine røyrleidningar og plattformar ligg på Bygnes på Karmøy. Driftssenteret er den staden der ein

  • overvaker all gasstransport,
  • samlar all informasjon og
  • gjev meldingar til dei ulike delane av systemet.

Det er vanskeleg å styre gasstraumen, oppgåva krev ei rekkje datamaskinar og kontrollrutinar. Det går ca. éi veke frå gassen kjem ut på feltet til han er klar til levering i Emden. Dette krev at dei som styrer gasstransporten, må rekna ut forbruket på førehand.

Rett blanding

Gassfelta i Nordsjøen inneheld ulike blandingar av naturgass, mengda av t.d.metan og etan er ulikt i dei ulike felta.

Gasskjøparane på kontinentet ønskjer ei spesiell gassblanding av metan og etan. Det er driftssenteret på Bygnes som passar på at kundane får den blandinga dei vil ha.

Eigardel

Gassfelta i Nordsjøen er eigd av fleire oljeselskap, og ingen av desse oljeselskapa eig like mykje i dei ulike gassfelta. I Statpipe kjem det gass frå Statfjord, Heimdal og Gullfaks.

Det er driftssenteret på Bygnes som ser til at alle oljeselskapa får rett betalt for gassen.

Kontroll

Ved hjelp av satellittkommunikasjon og avanserte datastyringssystem har operatørane på driftssenteret oversikt over kva som skjer i hele Statpipesystemet og kan gripe inn dersom det er nødvendig.

     
Førre   Til toppen Til startsida
  Startsida Jorda si utvikling Gassproduksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Ulike gassar Miljø
© tb-99