Overskrift

Førre Til botnar

Til startsida

index Utvikling Produksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Gassar Miljo   ButanbrennarButan er ein fargelaus, brennbar gass. Når du brukar gassbrennaren på kjemisalen, brukar du butan. Dei blå gassboksane inneheld butan. Butan finst i kokeapparat for camping og på båtar. Men i vinterfjellet må du velja ein annan type gass, fordi butan koker fyrst ved +1°C. Dersom temperaturen er under +1°C, brenn ikkje butanen fordi han ikkje går over til gassform.

Viss du ristar på butanboksen, høyrer du at innhaldet er flytande. Det er fordi det er så høgt trykk i boksen at gassen blir flytande. Gassen tar mindre plass når han er flytande. På Kårstø lagrar dei butan og isobutan på flytande form.

Butan finst i naturgass og er ein våtgass.

Molekylmodell (normalbutan)
Kjemisk formel for butan er C4H10.

Isomere bindingar

Butan finst i to isomere former: normal-butan og isobutan. Desse to formene for butan har samme kjemiske formel (elles ville det ikkje vore butan), men strukturformlane er forskjellige (sjå bileta). Medan karbonatoma i normalbutan er bundne saman i ei rekkje (sjå over), er karbonatoma i iso-butan bundne saman i ei forgreina kjede (sjå under).

Isobutan

Molekylmodell (isobutan)Kjemisk formel for isobutan er C4H10.

Isobutan har andre kjemiske eigenskapar enn normalbutan.

Isobutan er ein fargelaus, brennbar gass som finst i naturgass. Isobutan kan òg lagast ved cracking (knusing) av petroleum i oljeraffineri.

Av isobutan lagar ein bensinkomponentar med høge oktantal.

 
 
 
 
 
 
 
     
Førre   Til toppen

Til startsida

  Startsida Jorda si utvikling Gassproduksjon Transport Kjemisk bruk Dagleg bruk Ulike gassar Miljø
© tb-99