|
Gjennom heile livet må ein gjere val.
Val av utdanning og yrke er kanskje den viktigaste avgjerda ein kjem til
å ta i livet sitt.
Valet kan vere skjebnesvangert for det livet ein har føre
seg. Gjennom valet blir det avgjort langt på veg kva for interesser
og haldningar ein vil få, kva for vener og kollegaer ein blir knytta
til.
Valet ein gjer får og konsekvensar for den materielle
levestandarden ein vil få og korleis tilveret som pensjonist vil
arte seg!
Val av yrke bør modnast over tid. Start tidleg
med å tenkje på kva du kan tenkje deg å arbeide med.
Det første valet ditt blir å velje mellom
ein teoretisk eller yrkesretta utdanning. Valet blir mellom studiekompetanse
eller yrkeskompetanse.
"Vanskeligheten i livet
ligger i valget!" G. Moore.
|