KONSEKVENSAR
Å ta eit val

Kven påverkar?

Konsekvensar

Det gode val

Søknad vidare

Rådgjevaren

Info-lenker

Alle val ein gjer her i livet vil få sine konsekvensar. Spesielt vil yrkesvalet ditt føre med seg ein god del endringar frå det livet du tidlegare førte.

PERSONLEG ØKONOMI vil vere avhengig av yrket du vel. Nokre yrke er i dag populære, men gir ikkje den store inntekta. Har du ein draum om stort hus og fin bil i garasjen, kan dette bli vanskeleg å realisere -spesielt dei første arbeidsåra dine.

ARBEIDSMILJØET du kjem inn i vil og vere avhengig av yrkesvalet ditt. Vel du ein arbeidsstad der dei fleste er menn og arbeidsoppgåvene er prega av tungt kroppsleg arbeid, vil både språkbruk og omgangstone vere annleis enn om du vel eit yrke der begge kjønn er representert og arbeidsoppgåvene blir utført i eit kontorlandskap.

VENNEKRETSEN din vil og vere avhengig av det yrket du vel. Sjølvsagt vil du kunne ta vare på gammalt vennskap, men dei fleste yrkesutøvarane må og skaffe seg nytt bekjennskap. Dette finn ein ofte innan arbeidsmiljøet sitt.

EKTEFELLEN sin vil ein og kunne finne i arbeidsmiljøet/vennekretsen som ein får etter yrkesvalet sitt.

BUSTADEN ein endar opp med er svært avhengig av kva for yrke ein har valt. Både det økonomiske utbyttet og kor ein får jobb er avgjerande for kor ein vil kunne busette seg og byggje hus.
Arbeider ein utanom dei store bysentra, vil ein kunne komme rimelegare frå eit huskjøp enn om ein jobba i ein storby.

FRITIDA di vil og bli påverka av kva for eit arbeid du får. Er du interessert i å tena mest mogleg, vil du kanskje ha eit yrke som gir mykje overtidsarbeid. Dette vil igjen føre til at du ikkje kan engasjere deg så mykje i fritidssysler. Kanskje kan du ikkje vere med å ta eit tak for det lokale idrettslaget eller velforeininga du høyrer til.

Framtida di er spennande. Gjer det beste du kan ut av ho!